Bård Breivik
Rolf Karlsen
Samarbeidet med duoen skulptør Bård Breivik og steinhoggar Rolf Karlsen gav oss ein Steinpark som ingen har maken til. Gjennom mange år hadde desse to saman skapt vakre steinformasjonar, lenge før Rosendal vart kjent med dei, og dei med Rosendal. Med føringar frå desse to skapande menneska og Rolf si kreative sjel og stødige hand, vart harde, grove steinblokker forma til vakre, mjuke og forteljande skulpturar gjennom lange dagar med vinkelkuttar, sliping, polering og tungt arbeid.
Grunntanken var å behalda mest muleg av naturen samtidig som vatnet, som var blitt borte, vart henta inn att for å gje liv og lyd til området. Råblokker av ulike bergarter vart bearbeidd og polerte til vakre skulpturar, nokre fekk namn: «Mjuk barndom», «Mot Melderskin» «Fantasi», «Hexagon», «Black and Red». Vektlegging på kunst og estetikk i formidlinga i Steinparken, gjer den naturfaglege dimensjonen interessant for eit breidt publikum.