
Dinosaurhuset
Dinosaurhuset
Dinosaurhuset er utstillingslokale med ein liten kafe og butikk i Steinparken. Her er vakre smykkesteinar, polert lokal stein, fossil, suvenirar, - og kaffi og bollar. Her finn du ei forteljing om historia til menneska som omfattar Steinaldersamlinga, ei samling av ekte våpen og reidskaper etter dei første menneska ved Hardangerfjorden og Vikingskatten frå Hatteberg, eit av dei finaste funna på Vestlandet frå vikingtida. Fossilsamlinga i Dinosaurhuset fortel om historia til Livet på Jorda. Visste du at fuglane er etterkommerar av dinosaurar? Her kan du også læra å kjenna igjen meir enn 20 ulike fuglesangar.
Her finn du oss!
Velkomne på besøk!